Artigo Acesso aberto Revisado por pares

Kontinuitet eller ny start? - Norsk literacy på lokalt nivå i tidleg eldre nytid: To tekstanalysar i språkhistorisk lys.

2012; University of Oslo Library; Volume: 4; Issue: 2 Linguagem: Norueguês

10.5617/sakprosa.209

ISSN

1891-5108

Autores

Jan Ragnar Hagland,

Tópico(s)

Multilingual Education and Policy

Resumo

Kva veit vi om fenomenet som på engelsk har vore kalla ‘levels of literacy’, ved inngangen til eldre nytid i norsk historie? Med ‘levels of literacy’ meiner vi då literasitet både på individuelt og på lokalt administrativt nivå. Ettersom kjeldetilfanget frå denne perioden er lite, tar dette arbeidet ved hjelp eit par stikkprøver sikte på å gi diagnostiske testar av korleis stoda var. Kan vi, blir det spurt, med ein slik metode finna ut noko om korleis det var med ‘levels of literacy’ i eit tidsrom som 1560-70 åra, eller snarare: Korleis kunne nivået av literasitet vera i ein uklår og ustabil periode av norsk språkhistorie? Desse spørsmåla har å gjera både med det som gjeld omfang av tekstproduksjon på lokalt plan i Noreg, språkforma som vart nytta og det som her er kalla ‘tekstformingskompetanse’. To diplom, eitt utferda 15. mai 1564 på Bygland i Sætesdalen (DN XXI:1115), det andre 25. april 1568 i Borgund nær dagens Ålesund (DN XI: 729) er tilfeldig valde tekstar for analyse. Granskinga er gjort med tanke på å gi utfyllande svar på spørsmål stilte av artikkelforfattaren i boka Literacy i norsk seinmellomalder (Oslo: Novus. 2005). Ein samanfatta versjon av denne finst òg på engelsk (jf. Hagland 2012).

Referência(s)
Altmetric
PlumX