Truar skilnadene i tilvisingsratar målet om likeverdige helsetenester?
2011; Norwegian Medical Association; Volume: 131; Issue: 19 Linguagem: Norueguês
10.4045/tidsskr.10.1450
ISSN0807-7096
AutoresOlav Helge Førde, Hans Johan Breidablik, Petter Øgar,
Tópico(s)Emergency and Acute Care Studies
ResumoBakgrunn. Bakgrunn. Sogn og Fjordane fylke har i landsmålestokk, og serleg i høve til dei andre fylka i Helse Vest, hatt eit høgt forbruk av spesialisthelsetenester. Utover det at fylket har to små lokalsjukehus, har lite vore kjent som kunne forklare det høge forbruket, og serskilt ikkje om det eksisterer kontrastar i forbruk mellom kommunane i fylket. Materiale og metode. Materiale og metode. Med utgangspunkt i data frå Norsk pasientregister og journalsystemet DIPS for 2009 har vi samanlikna alders- og kjønnsjusterte forbruksratar på kommunenivå, saman med ujusterte tilvisingsratar til spesialisthelsetenesta på kommune- og enkeltlegenivå. Resultat. Resultat. Det var store skilnader i forbruk mellom kommunane både i kontaktratar og DRG-poeng. Skilnaden mellom kommunen med høgaste og lågaste forbruk var om lag 90 DRG-poeng per 1 000 innbyggjarar. Kommunen med det høgaste forbruket brukar 36 DRG-poeng per 1 000 innbyggjarar i året meir enn gjennomsnittet for Sogn og Fjordane. Ei nøyare samanlikning av tre kommunar med ulikt forbruk viser store og samanfallande skilnader i tilvisingsratar mellom kommunane og mellom enkeltlegar. Tolking. Tolking. Det høge og sprikande kommunale forbruket av spesialisthelsetenester i Sogn og Fjordane ser ut til å ha samanheng med tilsvarande høge og enno meir sprikande tilvisingsratar frå primærlegar i dei same kommunane.
Referência(s)